Professor i pedagogikk Peder Haug stilte til nettmøte med Sunnmørsposten i anledning skolestarten.
Et av spørsmålene gikk på hvor mye ansvar foreldrene har - og hvordan dette ansvaret bør kommuniseres. Uten å skape for mye aggro. For aggro er der jo der ute.
Svaret er selvsagte greier - men av og til må det selvsagte dessverre sies:
Foreldra har svært mykje å seie for elevane sin trivsel og læring på skulen. Elevar som har foreldre som følgjer opp, følgjer med og held seg orienterte klarer seg betre enn elevar som har foreldre som ikkje gjer slikt. Dokumentasjonen på det er omfattande.
Det er også foreldra som har ansvaret for oppsedinga av borna, skulen er berre eit tilbod. Foreldra kan faktisk takke nei til tilbodet, og organisere opplæringa sjølve. Det er ikkje skuleplikt, berre opplæringsplikt.
Så ser eg det same som du, at det er vanskeleg å snakke om og med dei foreldra som ikkje gjer jobben sin som foreldre. Grunnen kan vere at enkelte av dei tek seg nær av det, og meiner at dei gjer så godt dei kan. Og det kan vel vere rett. Andre igjen bryr seg ikkje. Så er ein avhengig av å ha eit nokolunde godt forhold til foreldra, for eleven sin del. Store konfliktar mellom foreldre og skule går ofte ut over eleven. Difor er mange svært varsame med kva dei seier til foreldra om slikt.
Kanskje kan det vere ei løysing å få fram korleis foreldre bør te seg andsynest elevane, og gje råd om tiltak og handlingar i staden for å karakterisere det dei gjer som negativt og feil? Det fungerer i alle fall godt i andre samanhengar i skulen.
Underlig dom
for 5 dager siden