søndag 27. oktober 2013

Outsourcing, anonymitet og manglande "likes"

Bedrifta eg jobbar i er i media stolt av å presentere seg som ei som er for samfunnsansvar og bærekraft. Som tilsett blir eg oppmoda om å "like" den på Facebook.

"Ein like på Facebook er fire gongar meir verd for oss enn ei reklame på TV2", er bodskapen frå oven.

Eg likar bedrifta mi. Og å omtale den negativt har eg ikkje lyst til - det set jo eigen og gode vener og arbeidskameratars arbeidsplass i fare.

Men: no er det nedbemanning. Det vil seie: eigentleg er det ei oppbemannning. I utlandet. Der lærer dei seg norsk, og utfører kontorjobben som ein nordmann tidlegare gjorde. Til ein tredjedel av lønskostnaden - og vil eg tru - ein brøkdel av pensjonskostnaden. Gerd (56) får tilbode ein hemmeleg sluttpakke og seier opp, ein mann eller dame (28) i eit lågkostland tar over.

Motivasjonen er økonomi : gjere overskotet større. Eller - som det heiter på powerpointane frå leiinga - sørge for at bedrifta i det heile tatt overlever i den knallharde konkurransen og "de myndighetspålagte kravene".

At folk i sin mest produktive alder i fattige land får jobb er fint.

Men "like" at fleire og fleire gamle kollegaer forsvinn ut etter å ha overlevert kompetansa si til ein i utlandet? Er det dette som er "samfunnsansvar" : å flytte arbeidsplassane dit det til ei kvar tid er lågast løner, lågast krav til pensjonsinnbetaling og - ikkje minst - "mest fleksible" arbeidskår?

Er det "bærekraft" å cherry-picke norske tilsette, og erstatte dei som av ein eller annan grunn er mindre produktive med utlendingar i mest arbeidsmotiverte- og arbeidsføre alder? Dei ein blir kvitt i Noreg forsvinn jo ikkje frå jordas overflate.

Eller er "bærekraft" å erkjenne at tilgang på rimeleg, "fleksibel" arbeidskraft gjer det mindre interessant å effektivisere. Å kunne sleppe unna ved betale ein person litt for å vedlikehalde eit regneark manuelt heller enn å utvikle ei løysing som oppdaterer regnearket automatisk - eller endå betre: nytte pengar på å analysere seg fram til at ein ikkje treng regnearket i det heile.

Nei, like'n min får du ikkje, arbeidsgjevar. Fordi eg ikkje likar det du for tida held på med.

søndag 20. oktober 2013

Aftenposten: Adolf Hitler gjer at penis-skjæring er eit nødvende i Noreg

Aftenposten tar i dag eit klart standpunkt i omskjæringsdebatten: avisa meiner at det er heilt greit å skjære bort delar av smågutar sin penis fordi: Adolf Hitler. Ja, fordi Adolf Hitler utrydda jødar for 70 år sidan skal norske smågutar - til evig tid - risikere å få fjerna delar av penis. Anten dei vil eller ikkje. Avisa oppsummerer:
"For selv om hensikten er å verne barn, vil et forbud fungere som et nytt forsøk på å fordrive jøder fra landet."
Så då er denne banka i stein til evig tid: fordi eit forbod mot å skjære bort delar av penis vil, i følge Aftenposten, drive dei som driv med slikt bort frå landet så kan vi aldri innføre eit slikt forbod. Trist for dei som kunne tenkje seg ein heil penis, naturlegvis. Og gjere sitt eige, opplyste val når ein er gamal nok.