søndag 27. oktober 2013

Outsourcing, anonymitet og manglande "likes"

Bedrifta eg jobbar i er i media stolt av å presentere seg som ei som er for samfunnsansvar og bærekraft. Som tilsett blir eg oppmoda om å "like" den på Facebook.

"Ein like på Facebook er fire gongar meir verd for oss enn ei reklame på TV2", er bodskapen frå oven.

Eg likar bedrifta mi. Og å omtale den negativt har eg ikkje lyst til - det set jo eigen og gode vener og arbeidskameratars arbeidsplass i fare.

Men: no er det nedbemanning. Det vil seie: eigentleg er det ei oppbemannning. I utlandet. Der lærer dei seg norsk, og utfører kontorjobben som ein nordmann tidlegare gjorde. Til ein tredjedel av lønskostnaden - og vil eg tru - ein brøkdel av pensjonskostnaden. Gerd (56) får tilbode ein hemmeleg sluttpakke og seier opp, ein mann eller dame (28) i eit lågkostland tar over.

Motivasjonen er økonomi : gjere overskotet større. Eller - som det heiter på powerpointane frå leiinga - sørge for at bedrifta i det heile tatt overlever i den knallharde konkurransen og "de myndighetspålagte kravene".

At folk i sin mest produktive alder i fattige land får jobb er fint.

Men "like" at fleire og fleire gamle kollegaer forsvinn ut etter å ha overlevert kompetansa si til ein i utlandet? Er det dette som er "samfunnsansvar" : å flytte arbeidsplassane dit det til ei kvar tid er lågast løner, lågast krav til pensjonsinnbetaling og - ikkje minst - "mest fleksible" arbeidskår?

Er det "bærekraft" å cherry-picke norske tilsette, og erstatte dei som av ein eller annan grunn er mindre produktive med utlendingar i mest arbeidsmotiverte- og arbeidsføre alder? Dei ein blir kvitt i Noreg forsvinn jo ikkje frå jordas overflate.

Eller er "bærekraft" å erkjenne at tilgang på rimeleg, "fleksibel" arbeidskraft gjer det mindre interessant å effektivisere. Å kunne sleppe unna ved betale ein person litt for å vedlikehalde eit regneark manuelt heller enn å utvikle ei løysing som oppdaterer regnearket automatisk - eller endå betre: nytte pengar på å analysere seg fram til at ein ikkje treng regnearket i det heile.

Nei, like'n min får du ikkje, arbeidsgjevar. Fordi eg ikkje likar det du for tida held på med.

blog comments powered by Disqus