tirsdag 27. oktober 2009

Aldri meir Luks, Eplerose og raud Brænne-saft

Brusfabrikken Volda Mineralvatn legg ned etter nær 95 års drift. 10 tilsette mister arbeidet på fabrikken i Furene på grensa mellom Volda og Ørsta.

Volda Mineralvatn - tidlegare Brænne Mineralvatn - produserte eigne merkevarer som Luks, Fjellbekk, Florida og Eplerose i tillegg til lisensprodukt som Asina, RC Cola og - i si tid - Jolly Cola.

Og ikkje minst stod fabrikken bak produksjonen av verdas beste saft: den raude Brænne-safta som ein - om eg hugsar rett - fekk på 2,5 litersdunkar. Så ein var sikker på å ytterst sjeldan gå tom.





Martin Brænne (69), som hadde ansvaret for drifta frå 1958 og fram til 2004 er til Møre Nytt 24.oktober ikkje i tvil om kva det er som gjer at ein no må legge ned.

"Dei siste sju-åtte åra eg dreiv, bestemte nokre få kjeder over 95 prosent av det som vart selt over disk. Før den tid var det kjekt å drive. Vi hadde mange gode vener på Nordfjord og på Sunnmøre som dreiv butikk, og som vi hadde eit godt kundeforhold til."


Men "valgfriheten" då, Brænne. "Valgfriheten"? Private aktørar sørger jo for slikt per definisjon og ut av boksa.

"Vi kunne på den tida utvikle nye brussortar, og butikkane var interesserte i å ta dei inn. Då kjedene tok over vart det mykje meir komplisert å få inn nye produkt."

"Det er tre-fire innkjøpssjefar som bestemmer kva vi skal ha på brødskiva kvar dag. Eg er litt lei for at konkurransemyndigheitene i Noreg har sete og sett på at vi har fått ei utvikling der så få kjeder har fått så mykje makt. Dette burde vore gjort noko med før det kom hit det er i dag."


Men kva då med Brænnesafta? Kva skjedde med det ypparste av nordvestlandsk drikkeproduksjon? Jau, Brænnesafta levde siste delen av sitt liv skjult under Rema 1000-"merkevaren" Landlord.

Men Rema tinga 10 trailerlass - 150.000 liter - av safta men endte opp med å kjøpe berre tre. Og det var nok til å forgjelde bedrifta så voldsomt at den altså måtte legge ned.

Etter 95 års drift.

Då Martin Brænne starta å jobbe i fabrikken i 1958 var det 14 brusprodusentar berre i Møre og Romsdal.

"Vi var den siste brusfabrikken i Noreg so var eigd lokalt og selde varene med eigne etikettar til vanlege daglegvarebutikkar."


5 kilometer frå den no nedlagde brusfabrikken ligg komfyrprodusenten Grepa - den siste store komfyrprodusenten som faktisk produserer alle sine modellar i Norge.

Eller nei, det stemmer ikkje heilt. Grepa vart nedlagt sommeren 2008 og 55 miste då jobben.

Eller som seljarar formulerer det:

"Fra et markedssynspunkt vil det bli en evolusjon fra merkenavnet Grepa ”produsert i Norge” til merkenavnet Hoover Grepa ”produsert for Norge”"







Facebook: VI VIL AT BRÆNNE-FABRIKKEN SKAL "LEVE" !!!
Vil ha voldabrus tilbake

blog comments powered by Disqus