onsdag 22. juli 2009

Dugnad

Mange av brukarane av den i alle fall inntil vidare gratis tenesta yr.no ynskjer seg eit postnummersøk (både for å sjå vêrvarselet, men ikkje minst for å kunne hente data).

Det finst ingen gode register over norske postnummer med ein koordinat per postnummer. Posten har berre informasjon om kva område kvart postnummer dekkjer, men manglar informasjon om det naturlege «midtpunktet» for kvar postnummer. For å kunne lage eit vêrvarsel treng yr.no ei heilt nøyaktig plassering for kvart postnummer (vêrvarsla for yr.no blir laga for eksakte punkt, ikkje for område).

No kallar ein inn til dugnad!

Kan du hjelpe til med å sjekke postnumre du har god kjennskap til?
blog comments powered by Disqus