søndag 30. september 2012

Utdanning og religion, i alle fall islam, skal skiljast

Oslo-byråd Torger Ødegaard meislar ut Høgres utdanningspolitikk med følgjande prinsippielle haldning:

Skolen er en kunnskapsinstitusjon og ikke noen religiøs institusjon

Det første han vel å forby er at Oslo-skular skal kunne opprette eit stillerom som elevane på den vidaregåande skulen kan gå til for å be. Stillerom blir forbudt.


Men blir det no eigentleg det? På Oslo Katedralskule har ein nytta skulens bibliotek (!) regelmessig til både stille og høglydte bønner og hr Ødegaard har av ein eller annan grunn valgt å godta dette i årevis. Og han er forsåvidt ikkje åleine: I Volda har ein godteke religiøs aktivitet i skulens rom i godt over hundre år.


I parantes kan det og nemnast at Noregs komande Konge valde å gå på Kristeleg Gymnasium. Ein utdanningsinstitusjon, ja i Oslo, som vel å ha følgjande i sine vedtekter:


Umiddelbart etter første time holdes det en andakt som overføres via skolens høyttaleranlegg. Elevene blir sittende sammen med sin lærer i sitt klasserom under meldingene og den etterfølgende andakten.


Men no er jo Kristeleg Gymnasium så vidt eg forstår det ein kallar ein PRIVATskule og for slike gjeld jo tydelegvis heilt andre reglar - her kan ein blande kunnskap og religion som ein berre måtte ynskje utan at partiet Høgre vel å synse i veg om kva som er bra og ikkje bra.

Det som i alle fall er bra er at om Høgre får privatisert alle skular så slepp vi at høgrefolk blandar seg opp i om skulen skal vere ein utdanningsintsitusjon eller ein religøs insititusjon. Dette overlet dei til folk som openberrt veit betre: organisasjonane og aksjeselskapa som vel å drive skular.