søndag 9. juni 2013

Arbeidsfolksmålaren Munch

I eit sympatisk Klassekampen-intervju med "verdas fremste Munch-ekspert" Gerd Woll fortel 74-åringen at ho ikkje forstår kvifor Edvard Munch sine måleri av vanlege arbeidsfolk ikkje er meir kjende. Heller ikkje 150-årsfeiringa av målaren legg noko vekt på bileta Munch måla av samtidas arbeidskår. Er det fordi vi i 2013 har outsourca slikt til Bangladesh?
"Da han i 1910 valgte å male store og litt sånn trauste arbeidere, rallarene, som et svært monumentalt bilde, er ikke det helt tilfeldig. Det var en periode hvor arbeiderbevegelsen virkelig var på frammarsj. Og Munch var, i motsetning til det bildet man ofte har av ham, opptatt av de tendenser og strømninger som var rundt ham."
Kvifor vi kjenner mykje betre til bileta Munch måla på 1890-talet - bilete som handler om "angst og sjel, død og sykdom" (som til dømes "Skrik") har ho følgjande svar på:
"Det er mest populært og enklest å formidle. Folk vil gjerne ha litt sånn snørr og tårer."
Woll, derimot, er mest glad i arbeidarbileta. To av favorittane er "Arbeidere på hjemvei" og det 2,5 meter høge "Arbeidere i snø". Dei kan sjåast i kjellarane til hhv Munch-museet på Tøyen og The National Museum of Western Art i Tokyo. Evt her:

Arbeidere på hjemvei
Arbeidere i snø