Formuesskatten er ein skatt som rikingar og bedriftseigarar betalar. Og som fattigfransar og vanlege folk slepp. Fordi desse folk flest ikkje har midlar nok til å bli råka.
Men høgresida gir ikkje opp. Og nytt av året 2013 er det å bagatellisere kor mykje dei 15 milliardane ein får inn er.
Redaktør i Nettavisen Gunnar Stavrum i sin "Syter og jamrer for formuesskatt" :
"Dersom Høyre kutter formueskatten med 3 milliarder kroner hvert år, vil det altså utgjøre under to promille av statsbudsjettets utgiftsside."
Den NHO-tilsette Civita-sjefen Kristin Clemet i sin "Skatt vs. velferd" :
"Statsbudsjettet har nå passert 1000 milliarder kroner. Skatteletten utgjør altså, etter fire år, mindre enn 1,2 prosent av statsbudsjettet."
Frp og Høgre er begge for å fjerne formuesskatten heilt. Etter dei siste to månaders debatt har dei kome fram til at det av oppslutnadsmessige grunnar kanskje ikkje er så lurt, men sjølv Høgres modifiserte forslag vil for eksempel spare ein kar som Kjell Inge Røkke 47 millionar kroner årleg. Eller nærare 200 millionar i fireårsperioda.