søndag 3. februar 2013

Mediekritiske medier

Pressa spring stort sett i flokk. Men etter ei reportasje om ei romkvinne i Dagsrevyen så tok det plutseleg heilt av med mediekritikk frå etablerte medier.

Romfolk skal jo framstillast negativt, men her vinkla NRK saka på eit anna vis og bloggar som har som oppgåve å tykkje all slik journalistikk har noko muffens i seg - spesielt om den kjem frå Statskanalen - grov opp at historia mangla informasjon. NRK fortalde ikkje alt som var å fortelje.

Dette var i byrjinga av januar. Og NRK har innrømma at dei gjorde feil.

Men framleis spring kritikarane rundt i hamsterhjulet og messar om same saka. Nokon må gå! Og aller helst bør NRK leggjast ned. Eller privatiserast. Så dei kan stille seg i vi-er-heilt-avhengige-av-marknaden-rekka dei óg.

Det som óg skjedde i byrjinga av januar var at VG feilsiterte fiolinistfinansfrua Marte Krogh. Dei påstod at ho hadde sagt noko ho ikkje hadde sagt. For å skape eit oppslag som vart ein klikkis og snakkis i dagesvis.

Etter tre veker vel VG å beklage oppslaget. Det var ikkje sant. VG hadde - som NRK - vinkla ei sak. For å skape ei historie. Som hadde manglar.

Folka i hamsterhjulet vel å ikkje bry seg om saka.

Og det endå til om VGs redaktør Torry Pedersen strør om seg med perler som "jeg var i utlandet da saken skjedde".

Moralen er: om du er journalist og har tenkt å dumme deg ut med vinkla reportasjar: skaff deg jobb i VG. Og for all del ikkje i Statskanalen NRK.

blog comments powered by Disqus