mandag 1. desember 2014

Takk og lov for at Gunnar Stavrum ikkje eig mi bedrift

"Kritikerne kan holde munn" sa Nettavisen-sjef Gunnar Stavrum då Helge Lund sin lønsavtale med BG Group vart klar.

Nettstaden kunne skrive at Lund ville kunne ende opp som milliardær, men Stavrum tykte ikkje det var ille : det ille var at nokon i det heile stilte spørsmål ved om ei slik utbetaling til ein enkelt sin arbeidsinnsats kunne vere u-koko.

Marknaden kom fram til at ein milliard var det Lund var verd. Og då var det også ein milliard som måtte vere det korrekte.

Og kritikarane kunne då klappe att skravlekassa.

Vel. Ein månad har gått, og kritikarane høyrde ikkje på Stavrum og klappa ikkje att skravlekassa.

Og sparte med dette 60 million kroner gjennom å meir enn halvere Lunds 'golden hello'.

Dei fleste vil tykkje at Helge Lund si løn fortsatt er alt for høg : Lund vil til dømes tene 30% meir enn leiarane i BP og Shell. Men slik kritikk veit vi i alle fall at aldri vil ble fremja av karar som Gunnar Stavrum.

For desse er det ein betalar leiarane i privat sektor aldri for høgt.

Merkeleg nok blir denne peanuts og monkeys-regla kun framført når det er kompensasjonen til det øvste sjikt som er tema.

blog comments powered by Disqus